
Stalheim oppleving!
For meir om kva som skjer med Stalheim, sjå Stalheim Oppleving sine heimesider!
Klikk: Stalheim oppleving.
27-Jan-2011 3:04 - LIH
Kongevegsmarsjen!
Kongevegsmarsjen frå Haugsvik til Stalheim!
Stalheim Oppleving og Stalheim Landskapspark skipar til Kongevegsmarsjen i år sundag 5. september.
Påmelding Joker-butikken i Haugsvik frå kl. 10:00-10:50.Marsjen startar på Hauge kl. 11:00.
Vaksne kr. 200, born kr. 100, familibillett kr. 400.
Inkludert i billetten: ei omvisning i eit levande museum på Stalheim Hotel. Betasuppe, kaffi, lappar og saft. Spelet om då Viking Hauge helsa på keisar Wilhelm vil verta framført i museumshagen. Natursti.
Alternativ til kongevegsmarsjen er guida traktorsafari ut i Brekkedalen. Turen startar ved Stalheim Hotel kl 11.00 med retur kl 13.30 i tide til spelet om Viking Hauge og servering. Vaksne kr. 400, born kr. 200 og familiebillett 2+2 kr. 900,- Inkludert: guida traktorsafari, museumsomvisning, mat og spelet om Viking Hauge.
Påmelding til traktorsafari på Jokerbutikken i Haugsvik innan laurdag 4. sept, eller bookingstalheim@gmail.com - 90273535.
03-Sep-2010 20:00 - SGO
Stalheim brosjyre 2010
Stalheim si brosjyre for 2010. Informasjon om aktivitetar etc. Sjå lenkje: Stalheim brosjyre for 2010 (1516.68KB).
28-Aug-2010 9:07 - LIH
Prosjektleiar til Stalheim oppleving AS
STALHEIM OPPLEVING AS er eit nystarta selskap som skal selja natur- og kulturopplevingar og er eit resultat av Stalheim Landskapspark sitt arbeid. Eit samarbeidsorgan for landbruk, reiseliv og lokalfolket i området, føremålet er å fremja næringsutvikling og trivselstiltak. Sjå: http://stalheim.landskapspark.no og
www.landskapspark.no.
Me søkjer etter ein prosjektleiar som har erfaring frå reiseliv og likar å omgås folk. Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Er DU den rette personen kan me tilby, varierte og spanande oppgåver i eit utruleg vakkert landskapsområde i Fjord Noreg med innovative opplevingstilbod -- traktorsafari til støls!
Oppstart snarast, fleksible løysningar. For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med rådgjevar E.Ø. Thorsen 95 96 18 15/styreleiar L.I. Hauge 95 91 05 36. Kortfatta søknad med cv til stalheimoppleving@gmail.com innan 6. juni 2010.
Sjå Facebook-annonse: facebook.com og vedlegg som følger: Stillingsannonse prosjektleiar (88.85KB) og Stillingsannonse prosjektleiar nummer 2 (125.51KB).
01-Jun-2010 22:42 - LIH
Stifting av Stalheim oppleving AS
Stifting av Stalheim oppleving AS skjer no! Tid: 27. april 2010 klokka 20:00. Stad: Ungdomshuset i Haugsvik.
Hovudmålet er å skapa kommersielt innhald for turistar tufta på geoturisme og utvikle Stalheim Landskapspark og partnarar til ein attraktiv heilårsdestinasjon.
For meir info, last ned og les StalheimOppleving2010 (1516.68KB).

24-Apr-2010 14:38 - LIH
Årsmøte 2010 og spyrjeskjema
Her er årsmøteinnkalling gjort litt meir spennande enn eit vanleg skriv.
Også følger spyrjeskjema og forklaringsbrev.
Har også laga ein eigen Facebook side for dykk --- meld dykk på ;-)
Colours of the fjords.
Sjå vedlegg:
- Spyrjeskjema, brev (174.58KB)
- Årsmøte Staleheim Landskapspark 2010 (754.76KB)
- Spyrjeskjema (91.16KB)
04-Mar-2010 9:11 - AEO
Flotte dagar i Stalheim
Helsing frå Kjell Arne Berntsen ved Valdres Natur- og Kulturpark:
"Oversender en fotoserie fra turen til Naole , tur 4 på ekskursjonsutflukten tirsdag ettermiddag, sammen med en avstikker til Stavtjønn neste morgen."
Fotoserien ligger på Flickr og kan sjåast under.
15-May-2009 12:18 - LIH
Prosjektplan og søknad 2009
Prosjektplan for 2009 er no ferdig. Kan lastas ned i planSoknad2009 (3894.81KB) som er PDF eller planSoknad2009 (4571.5KB) som er Powerpoint-format.
Søknad om tilskot kan lesast her: soknad2009stal (48.1KB).
15-Mar-2009 16:13 - LIH
Årsmøte 2009
Årsmøte i Stalheim Landskapspark vert torsdag 5 mars kl. 20.00.
Dei som ynskjer å ta opp saker på årsmøte må senda det til styret innan 26. feb.
Sakliste årsmøte og årsmelding:
- Årsmleding 2008 [PDF]
- Årsmøte 2009 [PDF]
17-Feb-2009 12:30 - LIH
Turkart
Turkart-delen av sida viser turane som vert tilrettelagt av Stalheim landskapspark. Ved å trykke på kamera-ikonet på kartet opnar ein bilete. Kameraikonet visar kvar bilete er tatt i terrenget!
23-Jan-2008 21:28 - ØT




